Generell prosess (FTK01D)

avlop_1.jpgGenerell Prosessteknikk er for deg som vil bli fagteknikar i prosessfaget for å kunne arbeide i eit breitt utval av bedrifter og arbeidsplassar, frå Olje- og gassindustrien, smelteverk, papirindustrien, kjemiske bedrifter, kommunale vatn- og avløpsetatar m.m.

Hent produktark og søknadsskjema for utdanninga
Læreplan i kjemi med fordjuping prosessteknikk

Det blir både ei fagleg fordjuping og ei utdanning som gjev grunnlag for å arbeide som mellomleiar, med kunnskapar om økonomi, leiing, marknadsføring og allmenne fag.
Dei som har fullført 2-årig teknisk fagskole kan søkje om opptak på fleire retningar i universitet og høgskole.

Deltid over 3 år
Studiet er eit 2-års studium som blir tilbudt på deltid over 3 år, slik at det er mogleg å vera i arbeid under studiet, men arbeidsgjevar bør vera fleksibel.

Samlingar (Fysisk / videokonferanse / videostreaming på dagtid) og nettbasert
Studiet er basert på samlingar og utstrakt bruk av internettbasert læringsplattform.
Samlingane vil vera fysiske og / eller via videokonferanse.
Opptak av forelesningar / samlingar blir lagt tilgjengeleg på den internettbaserte læringsplattforma.

Studiet blir lagt opp slik at også studentar frå andre stader i landet kan følgje undervisninga.

Det er lagt opp med samlingar i Trondheim / Orkdal for laboratoriearbeid og anna praktisk arbeid, men etter avtale kan dette bli gjort i samarbeid med lokal skole.

Dersom ei gruppe studentar ønskjer slike lokale samlingar for praktisk arbeid, vil Chr. Thams fagskole ta seg betalt for ekstrautgiftene som dette fører med seg.

Produktark generell prosessteknikk
Læreplan Kjemi- og prosessteknikk

Neste planlagte oppstart høsten 2020
Søknadsfrist 15. april

Søknaden registreres på http://www.fagskoleopptak.no/. Husk å sende kopi av vitnemål etc. direkte til skolen innen 20. april.

For nærare informasjon, ta kontakt med Chr. Thams fagskole:
72495209 / 72495200 eller 918 37 210

Logo STFK